-
Litt av kvart:)
Her kjeme det litt bilde av forskjellige ting som eg har laga dei siste dagane. Det er knapt med tid med meg. Eg jobbar en del så blogging blir ikkje prioritert framfor familien. Eg kjem med inlegg av og til. Lagar mykje nytt av is, iskaker, kjeks, rundstykke, grønn juice og div, men tida stekk som sakt ikkje til. Sei fra eller spør om det er noko spesielt dykk ønsker oppskrift på:)
Kjeksa er laga av mandlar, agave, kokosolje, salt og sukkerfri sjokolade mmmm
Avokadopudding: 1 avokado, litt honning og rismelk i blenderen til mjuk konsistens så strør eg over et ønska utvalg av nøtter og hempfrø:) Kjapp og god frukost.
Grønn juice: 2 pk spinat, 4 epler, selleri, 1/2 sitron, et lite stykke ingefær, en agurk og en paprika.
Smoothie: 2 dl Blåbær og 2 ss Chia frø var dei viktigaste ingrediensane i dinne smoothien sida mannen min trengte noko som var betendelsesdempande for den skada handa si. Eg hadde oppi 1/2 fryst banan for sødme og konsistens, 1 ss pomegranate eple pulver, 2 ss lezethin granulat, 1 ss sukrin og til slutt eplejuice. Nom nom….
Postet i Uncategorized | 5 Kommentarer »
-
Frokostjuice
Med min Juice Master lager eg meg ofte grønn juice. Det er en enkel og god måte å få i seg grønnsaker på. Det er veldig godt og friskt. Barna drikk det gjerne med isbiter i. Til barna har eg i spinat, eple og sitron. Til meg sjølv tar eg det som er i kjøleskapet den dagen:) En god og variabel juice sikrer deg ekstra med vitaminer og energi utover dagen. Er det mykje grønsaker i kjøleskapet lagar eg ein stor porsjon så har eg til seinare på dag også. Best om juicen er i ein beholdar som er tett når den står i kjøleskapet. Selleri og sitron er med på å rense kroppen så det pleier eg ha i alltid. Spinat er ein fin og mild smak og ei god kilde til vitamin A, B6, C og E.. mmmmm:)
Postet i Uncategorized | Ingen Kommentarer »
-
Peparkakekuler
Eg har vor lenge vekk frå bloggen no, det har vore mykje
jobbing så eg har ikkje fått tida. Eg har mange oppskrifter på lur i kokeboka
mi som eg gjerne vil dele med dykk og eg blir ofte inspirert av andre bloggarar
til å lage ei oppskrift. Ei av oppskriftene kjem her og det er peparkakekuler.
Borna mine og resten av familien likte kulene veldig godt.1 dl mandlar malast fint i blender
1 ½ dl mandelsmør
2 dl mjuke dadlar
1 ts kanel
1 ts kardemomme
½ ts nellik
1/2 ts ingefær
1 ss sukrinmelis
3 ss agave sirup
1 klype salt
1 klype pepar
Mix alt det tørre i blendaren, så ha oppi Agaven og mandelsmøret
og mix igjen. Tøm blendaren så du kan blande dadlane saman til ein mjuk deig.
Når du har gjort det tar du mandeldeiga og dadeldeiga og blandar dei saman for
hand. Det kan bli for tungt for blendaren
og mix det saman. Trill det i passe store kuler og sett dei til kjøling. Eg har
rulla mine i sukrinmelis for syns skuld. Nam nam….:)Postet i Uncategorized | 6 Kommentarer »
-
Supre karameller!
4 ss yacon sirup
2 ss mandelsmør
2 klyper himalayasalt
1 ss økologisk kokosolje
20 droper stevia toffie
1/2 ts vaniljepulver
1/2 – 1 ts ferskpressa sitronsaft
5 ss smelta kakaosmør
Bland alle ingrediensane i ein bolle, ha det i ei passe form med plastfolie eller aliminiumsfolie i. Set det i frysaren ei stund og når det har blitt passe stivt skjær det opp og server….mmmmmmmmm
Postet i Uncategorized | 2 Kommentarer »
-
Lavkarbo mat? Basisk mat? Raw food?
Lavkarbo er definitivt i vinden og det er mange som begynner
å oppdage effekten av det. Det er veldig bra for blodsukkeret og det er veldig
bra for dei som treng å gå ned et par kilo eller gjerne meir. Lavkarbo mat, basisk mat og raw food er ikkje
berre er ein trend her heime med oss, eller at vi et lavkarbo berre for å gå
ned i vekt ei periode. For meg er dette noko eg skal leve med resten av livet.
Det er forskjellege måtar å ete lavkarbo på, nokon spis mykje kjøtt,
dyre fett og feite mjølke produkt og andre gjer som oss. Vi spis mykje feit
fisk, lyst kjøtt, grønsaker, smoothies, frukt oljer som eyeq, okinawa 3-6-9 og
kaldpressa kokosoje, udos, hemp olje, kaldpressa olivenolje og alle har
økologisk merking. Maten vi spis tenkjer eg ofte skal vere basisk eller raw. Barna får frø, linser, fullkorns ris å forskjellig anna i
staden for poteter, pasta, glutenhaldig brød til middagane. Glutenfritt lavkarbobrød
har alltid vore ei utfordring å få til slik at barna et det, men på helsekost
kan ein no få kjøp dette brødet som er veldig godt og enkelt å lage om ein
innimellom vil sleppe å stå på kjøkkenet å eksperimentere med brødbaking. Litt
kjekt at leverandørane begynne å fjølge litt etter og lager 1 2 3 løysingar for
oss.Her er pakken og innholdsfortegnelsen og korleis det ser ut etter eg har laga dei, inni pakken er følger ddet med små former.
Eg lagde ei lavkarbo gullerot kake i samme slengen, den blei litt for søt for min smak, men minstemann likte den så de blir det noko han tar med seg når han skal i barneselskap. Eg skal fryse den så eg har ikkje hatt på noko smørkrem. Som smøkrem kan du bruke kremost enten vegansk eller ikkje. Bland nedi lime, sukrinmelis og vaniljepulver.
Her er oppskrifta på kaka:
3 egg piskast med 250 gr sukrinmelis til eggedosis ( kan godt halvere sukrinmelisen så den ikkje blir så søt)
Bland i 1 dl smelta og avkjølt kokosolje
1 1/2 ts natron
2 ts kanel
1/2 ts kardemomme
2 ts vaniljepulver (helsekost)
150 gr malte mandler
200 gr raspa gullerot
Ha røra i ei rund form og steik den på 170 grader i 50 min.
Postet i Oppskrifter, Uncategorized | Kommentarer av
-
Sunne kaker til fest:) Både for store og små…. mmmm
Kaka kan lagast på berre 20- 30 min, så det er kjapt å slenge den i saman om ein har ingrediensane.
Slik gjorde eg det:
BUNN
Mal grovt 250 gr mandler i food prosessor
ca 100 gr kokosflak blandes i sammen med
5-6 aprikoser (helsekost)
7-8 dadler (store og mjuke)
ca 2 klyper himalayasalt
1-2 ss sitronsaft ( av økologisk sitron)
ca 2 ss kokosolje (helsekost)
1 ts vaniljepulver
Mix dette sammen i food prosessorn så det blir klebrig og limer seg litt sammen. Press alt saman i ei rund kakeform med papir i bunn, snu den oppned på eit fint kakefat og pynt.
FYLL
1 dl kakao raw eller vanlig
1 dl carob (helsekost)
1 dl rismelkpulver (helsekost)
2-3 ss kokosolje
10 dropar stevia chocolate
1-2 ts agave nektar (søtning i staden for sukker)
1 ts vaniljepulver
1 klype himalayasalt
Mix dette sammen i blender og smør det på kaka.
Pynt med valgfri frukt eller bær:)
Kom plutselig på at eg skulle ta bilde av kaka før det blei tomt på fatet:)
KOKOSBOLLAR
200 gr kakaosmør (raspast og smeltast på 45 grader i ovnen)
50 gr kakao raw eller vanlig ( raw er beskere enn vanlig, men pass på om du tar vanlig at den ikkje er sukker i)
50 gr carob
60 gr rismelkpulver
1 ts vaniljepulver
50 gr sukrin
10 dropar stevia chocolate
50 gr sukrin
1 ts agave nektar
3-4 ss kokosolje
Ca 150 – 200 gr knuste økologiske riskjeks fra urtekram (Mega og Helsekost)
Bland først alt det tørre pulveret, så bland stevia, kokosolje og agave med det smelta smøret. Når det er godt blanda så ha i pulveret, mix godt igjenn og ha i dei knuste riskjeksa. Fordel i former og sett på kjøla:) Barna mine elsker disse og er fornøgd med en eller to slike til fest.
Enjoy!!!
Postet i Oppskrifter | Ingen Kommentarer »
-
Sjokoladepålegg til skulestart!
Det er skulestart igjen i morga etter haust ferien, så da må alt vere klart. Eg har bakt opp glutenfrie brød og laga pålegg. Eg har tilberedt diverse anna også for variasjon i kosten, men det kan komme seinare i eit anna innlegg. I dag vil eg dele med dokke ditte veeeeeldig gode sunne sjokoladepålegget. Eg vil benytte anledninga å sei at barn som ikkje er vande med å få raffinert sukker og matvarer som inneheld sukker vil mykje lettare godta sundt godt (altså heimelaga snop utan raffinert sukker, fargestoff). Dette sjokoladepålegget trur eg barn generelt vil like. Sjokoladepålegg er ikkje noko eg lagar veldig ofte, pga. oksalta som gjerne får en litt høg verdi av nøtter, kakao og stevia. Barn med proteinintoleranse skal gjerne ikkje ha så høge verdiar av oksaltar i urinen. Står litt om oksaltar HER men om du vil vite meir om dette og ikkje vil ruinere deg på ekspertar, så google det, og les deg opp på informasjon på amerikanske nettsted som gir ut veldig mykje informasjon gratis. Vi foreldre til barn med proteinintoleranse veit at alle barn er ulike og toler ulike matvarer så vi må berre prøve oss fram til best resultat. Det er et par ting vi har felles å det er at mjølk, gluten, e-stoff og sukker er utelukka om vi skal ha maksimal effekt.250 gr Cashewnøtter (ubehandla fra helsekost)
1-2 ss Kokosolje ( prøv deg fram så det blir passe konsistens til din smak)
10 dropar Stevia sjokolade
2 ss Carob
1 ss Raw kakao
2 ts Agave Nekatr
1 klype salt
Litt vaniljepulver (fra helsekost)
Bland først cashewnøttene i blenderen din eller i ei sterk kjøkkenmaskin, kan hende maskina må ha littt pause for å ikkje bli for varm. Nøttene skal bli til nøttesmør, ha i resten av ingrediensane og bland godt. Pass til konsistensen med kokosolje etter eget behov.
Postet i Oppskrifter | Ingen Kommentarer »
-
Knekkerød i dehydrator og superjuice!
Eg prøver ut dehydratoren på nye oppskrifter av og til, det er ikkje alt som blir like bra, men denne oppskrifta som eg fant på Sanabona var god. Eg synest kanskje dei brukte litt mykje salt i, så ver litt forsiktig med det i raw oppskrifter. Det trengst som regel litt minder krydder og salt til når ein ikkje har det inni ovnen og steikjer det. Om du ikkje har dehydrator kan du steike dei inni ovnen på 50 grader i 8-10 timar Husk og opn døra for lufting ofte. Når eg tørker dei i dehydratoren let eg dei tørke 1-2 timar, så rutar eg dei opp med eit pizzahjul og let dei tørke 2-3 timar til før eg snur dei og tørker dei resten av tida.
Server med bananskiver eller knust avokado med hemp frø og eple.. nam nam sundt og godt:)
Max måltide med ein super juice av Savoy kål, epler, agurk, og ei skive sitron. Den mixsen fell i smak hos barna også:)
Postet i Dehydrert mat | Ingen Kommentarer »
-
En grønn og skjønn verden:)
Hvetegress til begge barna etter frokost. Eg gir dei dei sunne oljene først sånn at kroppen skal vere i stand til å ta opp dei fettløyselige vitaminane også. Lisje pia vår spør om meir kvar dag, men eg gir henne berre ei ts i eit glass eplejuic:)
Smoothes drikker vi kvar dag, enten til frokost eller attåt middagen. Smoothiesene innneholder mykje det same, viktige ting som er i: Lecethin granulat, chia, hemp, mendelmelk, yacon, gojibær:)I denne smoothisen har eg blåbær som base:) mmmm. Begge barna liker det veldig godt. Eg trur at hvis du som mor eller far passar på barna dine så dei ikkje får i seg for mykkje søtt og sukker så vil du lettere få dei til å spise sunnere og meir når du først lagar mat. Barn er ikkje avhengi av sukker, det er det foreldra som er. Om vi ser bak på innholdsfortegnelsen på matvarer så kan du sjå at det finn sukker/konserveringsmiddel på nesten alt som er å få kjøp i butikken, endatil makrel i tomat, kalkunpålegg osv osv. Eg lager det meste av pålegg sjølv. Sylte, leverpostei, sjokoladepålegg og div. Barna spis det med glede for dei får ikke sukker til vanlig:)Eg har vore på Hareid også i dag på besøk me mi kjære svigerinne Marte og verdens beste bror Magnus!! så eg ha tatt et par bilder fra gården og alle dei fine dyra deira.
Furchara og Anton en av henna små på bildet under:)
Magnus og Marthe har grønnsakshage, hester, katter, hund, høner og divesse andre dyr. Når eg var der laga Marthe til gullerot juice av ferske nyplukka gullerøtter rett fra hagen, nyyyyydelig mmm:) I grønnsaks hagen er det blant anna squash, raudlølk, gullerøtter og tidligare i år var eg der å plukka roman salat og spinat:) Dei er så flinke:)
Menja og Ylva
Å med disse fine bilda å den flotte dagen eg har hatt vil eg sei til dokke: Ta en sjangs å gjer noko anna.
Hvis du gjer det same som du alltid har gjordt, vil du få det samme som du alltid har fått.
God helg!
Postet i Uncategorized | Ingen Kommentarer »
-
Nattasmoothie!
På laurdag blei eg overraska av at svigermor kom med to fulle nett med kortreiste bær. Bringebær og blåbær…. mmmmm. Så da blei det smoothie på oss. I mine kvelds smoothie har eg alltid Tart Cherry for da merker eg at eg søv bedre.Oppskrifta på denne er:
-Ca 3 kopper med bringebær.
-Ca 1 kopp med blåbær.
-2 ss hempfrø
-1-2 ss Chia frø
-1/2 banan
-ca 1 1/2 ss Bio frut (som gir veldig god smak og er kosentrert frukt i pulverform)
-1 ss Yacon pulver
-1 ss Lecithin Granules (som gir support til hjernen og nervesystemet)
-1 ss økologisk kaldpressa Tropicoil. (for at kroppen lettere skal ta opp dei fettløyselige vitaminane)
-2 ss Tart Cherry
-1-2 ts vaniljepulver
-mandelmelk til over kanten av bærene
Mix det i ca 30 sek og tilfør meir mandel melk om nødvendig. Til barna bytter eg ut litt av mandel melken med eple juic for at den skal bli enda søtare, men eg sjølv velg å ikkje bruke det pgr av fruktsukkeret og så synest eg at smoothien smaker like godt uten. Dette er en oppskrift til to vaksne, kanskje tre:)
Postet i Smoothies | Ingen Kommentarer »












































